Siste artikler:

Terje Lyngstad, teatersjef på Sogn og Fjordane Teater

Terje Lyngstad, teatersjef på Sogn og Fjordane Teater

Foto Steinar Lote/NRK

Dramatikarens sjuke mor

Terje Lyngstad

Oppdatert mandag, den 3. mars, 2008.

Teatersjef Terje Lyngstad på Sogn og Fjordane Teater meiner dramatikarene sjøl har skuld i at ikkje teatra speler meir ny norsk dramatikk.

Med jamne mellomrom klagar norske dramatikarar på at det er for lite ny norsk dramatikk på norske scener, og like ofte svarer dei teatersjefane som torer å svare, at det blir skrive altfor få interessante norske stykke med høg kvalitet.
 På årsmøtet til Norske Dramatikeres Forbund (NDF) i 2007 - der mitt teater, Sogn og Fjordane Teater (SoFt), fekk pris for å fremje ny norsk dramatikk - fekk eg inntrykk av at norske dramatikarar lever med eit fiendebilete utan verdi, anna enn den gleda dei sjølve kan ha av det. Det verka som om teatersjefane og instruktørane var motstandarar snarare enn medspelarar.
   Spørsmålet eg stiller er kva NDFs fremste ærend er. Er målet å vere fagforeining for ein stor medlemsmasse, med vederlagspoeng som viktigaste kampsak? Eller er målet å gi norsk dramatikk høg status og større plass i repertoara?
    Om målet er fleire nye stykke på scena, må NDF ta ein meir positiv og offensiv posisjon andsynes omverda. Forbundet må gå gjennom overeinskomsten med Norsk Teater- og Orkesterforening (NTO) og fjerne det som gjer teatra lite viljuge til å setje opp nye norske stykke eller nye dramatiseringar.
   Ifølgje overeinskomsten skal teatra betale 2 prosent i tillegg til dramatikarhonoraret til Axel Brinchmanns Fond, eit fond NDF administrerer. Grunnhonoraret for ein urpremiere på eit heilaftens stykke - dvs. eit stykke over 70 minutt - er 240.000 kroner. Andregongs- og etterfølgande oppføringar skal honorerast med 50 prosent av grunnhonoraret.
   I 2007 spelte SoFt seks nye norske stykke - fordelt på fem urpremierar og ei andregongsoppføring - som teatret betalte ca. 1,1 mill. kroner i honorar for. For denne innsatsen måtte teatret betale over 22.000 kroner til Axel Brinchmanns Fond.
  For dramatisering av eit verk skal dramatikaren ha 50 prosent av grunnhonoraret. Om verket har falle i det fri - altså om den som originalt skreiv verket har vore død i over 70 år - så skal teatret i tillegg betale 50 prosent av grunnhonoraret til Axel Brinchmanns Fond, det vil seie 120.000 kroner om det er eit heilaftens stykke.
  SoFt skal i år setje opp ein nydramatisert versjon av Charles Dickens' Oliver Twist. Dickens har snart vore død i 138 år. Om to år har han faktisk falle i det fri to gonger, og det er grunn til å spørje om vi då skal betale inn dobbelt til dette fondet som teatra blir straffa med kvar gong dei vil lage ein ny versjon av denne klassiske teksten.
  NDF må i framtida bidra sterkare til å utvikle ordningar som kan stimulere medlemmene til å skrive og teatra til å produsere. Ein start kan vere å la Axel Brinchmanns Fond falle i det fri for all tid. Forbundet kan gå i bresjen for å gjere einaktarar rimelegare. I dag kostar ein einaktar på 40 minutt 40/70 av grunnhonoraret, dvs. ca. 140.000 kroner. Dersom prisen blir halvert, vil kanskje fleire teater arbeide med slike tekstar. Det kan gi dramatikarane verdifull trening, utvikling og oppmuntring i møte med teatra sine dramaturgar, instruktørar og skodespelarar. Kanskje blir resultatet eit heilaftens stykke, som seinare utløyser fullt honorar.
  Tidlegare fekk teatra refundert ein tredjedel av grunnhonoraret frå Norsk kulturråd for ein urpremiere. I dag er refusjonen berre 60.000 kroner for eit heilaftens stykke og 30.000 for ein einaktar. NDF bør arbeide meir aktivt for å sikre permanent støtte frå kulturdepartementet og kulturrådet, med mål om å gjere dramatikarløna høgre og teatrets kostnader lægre.
NDF må byrje å gråte meir for si eiga sjuke mor overfor andre enn teatra, som på si side vil vere lite villege til å betale rekninga for helseplagene hennar i framtida.

Denne artikkelen sto i Nationen  lørdag 1. mars.